Festivalen tilbyr eit stort mylder av ulike kurs med dyktige instruktørar frå heile norden, for ulike ferdigheitsnivå.
Foredrag, kulturelle overraskingar, marknad, sløydhygge og kvalitetstid. Kom åleine eller med nokon du kjenner. På Sløydfest skal det vere hyggeleg å vere!
Sjå under for tidlegare festivalprogram fram til vi annonserar program for 2026!

Festivalprogrammet 2024
Informasjon om Sløydfest 2024:
Festivalen består av fire dagar med ulike kurs og kortare workshops, samlande aktivitetar og spennande og lærerike foredrag av kunnige folk på feltet.
Instruktørane er frå inn og utland i Norden. Programmet varierar frå år til år, men vi kan love eit inspirerande utval av kurs og aktivitetar for ein kvar smak.
Du har gode moglegheiter til å bli kjent med mange nye folk, om du kjem åleine eller i lag med nokon. Du treng ikkje å delta på kurs til ein kvar tid for å ha det moro på festival. Vi har sløydkino, og opptil fleire områder kvar ein kan drive med sløyd og andre aktivitetar.
Ta gjerne med eiget sløydverktøy, men dersom du ikkje har kan du låne av oss. Kring festivalen er det fine turområder. I tillegg til engasjerande kurs blir det i 2024 midtsommarfeiring, foredrag, handverksmarknad, kino og masse meir! Program for 2026 sleppast i god tid før festival.
Onsdag 19/6 24
Innkvartering
Gratis festivalbuss frå Oslo til Seljord avreise kl:18:00 ved Operaen i Oslo
Kveldsmat
Sløydheng +++
Torsdag 20/6 24
07:30 - 08:15 Frokost
08:30 Fellesstart på dagen
Heile dagen: Frisløyd
Fredag 21/6 24
07:30 -08:15 Frokost
08:30 Fellesstart på dagen
Heile dagen: Frisløyd
09:-11:30 Kurs
Tälja med yxa - Sofi Karlsson (SE) 2,5 t
Wild weaving - Mari F. Mosand (NO) 7 t
Krympeboks - Maja I. Nielsen (DK) 7 t
Hook tool forging - Oliver Klotzek (SE) 7 t
Handled brooms - Raleigh Klotzek (SE) 7 t
11:30- 12:30 Lunsj
12:30 -17 :00 Kurs
Kökskompis - Daniel Görtba (SE) 4,5 t
Täljteknik, grunnkurs - Sofi Karlsson (SE) 3 t
Wild weaving - fortsetjing
Krympeboks - forsetjing
Hook tool forging - fortsetjing
Handled brooms - fortsetjing
17:30 Middag
Frå 19:00 Festivalkveld
Sløydkino: Documentary: Killing for Wood by Johannes Musial (D) med ettersnakk: Hildegunn Lassemo - småbrukar og skandinavisk trevirke-entustiast
Førebuingsaktivitetar til Midtsommar
Bål og Sløydheng
Spoon Swap Machine (ta med noko du har laga, legg i maskina, og få ei overrasking tilbake)
+++
09:00 -11:30 Kurs
Birchbark sheath - Raleigh Klotzek (SE) 2,5 t
Tälja med yxa - Sofi Karlsson (SE) 2,5 t
Dreiing - Rut Fjågesund (NO) 7 t
Pole lathe turning - Oliver Klotzek 11 t (To dager)
Treslire - Anja Sundberg 9,5 t (1,5 dag)
11:30- 12:30 Lunsj
12:30 -17:00 Kurs
Skedtäljning - Erik Lönnemyr (SE) 4,5 t
Skeispikking nybyrjar - Mari F. Mosand (NO) 4,5 t
Dreiing - forsetjing
Pole lathe turning - forsetjing
Treslire - fortsetjing
17:30 -18:30 Foredrag
Hvorfor sløyd? - Sløyd som verdensbevegelse og som skolefag! Et foredrag om både historie og effekter av sløyd. // Brynjar Olafsson, institutt for estetiske fag USN
Frå 18:30 Midsommarkveld
Middag
Midsommar & St.Hansfeiring
Aktivitetar
Bål og Sløydheng
Spoon Swap Machine (ta med noko du har laga, legg i maskina, og få ei overrasking tilbake)
+++
Laurdag 22/6 24
07:30 - 08:15 Frokost
08:30 Fellesstart på dagen
Heile dagen: Frisløyd
Sundag 23/6 24
07:30 - 08:15 Frokost
08:30 Fellesstart på dagen
Heile dagen: Frisløyd
09:00 -11:30 Kurs
Figurspikking - Rune Hjelen (NO) 2,5 t
Pigment - Else Ljungström (NO) 4 t
Brush and handbroommaking - Raleigh Klotzek (SE) 4 t
Stutorv (kort ljå) - Olav Ringhus (NO) 4 t
Karvesnitt - Erik Lönnemyr (NO) 4 t
Pole lathe turning - fortsetjing
Treslire - fortsetjing
11:30- 12:30 Lunsj
12:30 -14:00 Kurs
Fortsetjing av kursa:
Pigment, Brushmaking, Stuttorv, Karvsnitt og Pole lathe turning.
14:00-17:30 Handverksdagen for alle!
Bli med på ein hyggeleg fest! Her er noko for ein kvar smak! Ta med deg alle du kjenner og kom!
Handverksmarknad mellom 14:00 og 16:15
-
Handgjort sløyd og handverk frå mange ulike utstillarar
-
Julia Kalthoff-økser
-
Spikkeknivar og anna nyttig verktøy
Aktivitetar for born
-
Prøv å smi med smedlærlingar frå Hjerleid
-
Spikk a littlebit
-
Bornesløydkino
Demonstrasjonar med
-
Gaute Midtbøen, Ein av landets få ljåbladsmedar,
-
Jørn Thore Morønning: Fascinerande ølhøner
-
Trekke ein kano med Johan Frisøe
-
Og fleire spennande hender og handverk! +++
Utstilling
-
Stolar i Skadninaviske tresortar av Hildegunn Lassemo
-
"Sløydens mange ansikter"
-
Biler (økser)
Andre godbitar
-
Loddsal med fine premiar
-
Kiosk med noko å bite i
16:30 . 17:30 "Øyet, tanken og handen"
Om handlingsbåren kunnskap og akademisering av det praktiske». foredrag med Bjørn Thordsson, tidlegare forskar ved Universitetet i Sørøst-Norge.
9:00 -11:30 Kurs
Birchbark sheath - Raleigh Klotzek (SE) 2,5 t
Stempel - Jørn Thore Morrøning (NO) 6t
Kolrosing - Daniel Görtba (SE) 2,5 t
Lav din egen skål - Maja Ingemann (DK) 6 t
Sharpening a slöyd knife - Oliver Klotzek (SE) 2,5 t
11:30- 12:30 Lunsj
12:30 - 16:00 Kurs
Skedtäljning øvet - Erik Lönnemyr (SE) 3,5 t
Stempel - fortsetjing
Krympeboks lokk - fortsetjing
Sharpening a slöyd knife - Oliver Klotzek (SE) 3,5 t
13:00-14:00 Verkstadbesøk
til kunstnar Ånond Versto. Flatdal. www.anondversto.com. Vi kan ordne samkøyring
16:00- 16:30 Fellesavslutting
Fellesbilde, ta med det du har laga
Gratis buss til Oslo frå Seljord avg. 17:00 (Plass må reserverast i forkant)
Takk for denne gong!
Frå 19:00 Festivalkveld
Fellesaktivitetar for alle som vil
Bål og sløydheng
Spoon Swap Machine, (ta med noko du har laga, legg i maskina, og få ei overrasking tilbake)
Buskspikking!
20:00 Konsert
Raulandrakkel - folkemusikkonsert!
Kursbillettar
Sløydfest 2024
Informasjon om kursbillettar
Her finn du kursbillettar til heile festivalen. Du kjøper ein billett per kurs.
Kursa er tilrettelagde for voksne (frå 18 år og oppover). OBS! Er du mellom 15 og 18 og vil bli med, ta kontakt, så kan me sjå om dette kan late seg gjere. Er du yngre enn dette, velkommen til morosame aktivitetar på handverksdagen.
RABATTORDNINGAR
Som studerande, ung 18-26 år eller arbeidsledig kan ein få 20% rabatt på alle kursbillettar. Skriv inn STUDENT, UNG eller LEDIG i rabattboksen på handlekorgssida.
Som medlem i Norges Husflidslag
kan ein få 10% rabatt på kurs mange stader i landet. Det gjeld også på Sløydfest! Skriv NHMEDLEM i rabattboksen på handlekorgssida.
Er du ikkje medlem? Då kan du bli det - Klikk her!